Lokalnytt

Har invitert Dronning Sonja

Interiør frå Sunnylven kyrkje. (Foto: Svein Runde)
Interiør frå Sunnylven kyrkje. (Foto: Svein Runde)

I 2009 feirar Sunnylven kyrkje 150 år. I samband med jubileumsmarkeringa blir fleire invitasjonar sendt ut. Ein har gått til H.M. Dronning Sonja, Det Kongelige Slott.

Innbydinga til Slottet vart sendt i september der fleire grunnar er nemt til at kyrkjelyden i Sunnylven ønskjer Dronninga velkoma til Hellesylt og kyrkjejubileet.
-Folket i Sunnylven er glade i kyrkja si. Det at Dronninga er til stades ved jubileumsgudstenesta vil i tillegg til å kaste glans over feiringa, vere ein inspirasjon i planlegginga av jubileet-.

Vidare heiter det mellom anna:
Diktaren Henrik Ibsen var på Hellesylt i 1862. Han snakka med fleire av bygda sine sentrale personar, og desse saman med kyrkja i Sunnylven, som vart vigsla i 1859, blir hevda å vere sentrale modellar i Brand, eitt av Ibsen sine kjende verk.

I innbydinga skriv sokneprest Svein Runde og leiar i Sunnylven sokneråd, Berit T. Hole: – Vi veit at Dronning Sonja er godt kjent og likar seg godt i dette området, mellom anna frå Silver Cruise og fleire private opphald her for å vandre i den vakre fjellheimen vår-.
-Om Dronning Sonja kjem til 150-års jubileet for Sunnylven kyrkje vil Villa Norangdal bli stilt til disposisjon for Dronninga med følgje, det nyrestaurerte hotellet som ligg midt i den sunnmørske fjellheimen-.

Det er nemt to moglege datoar for Sunnylven kyrkje sitt 150-års jubileum, og som biskopen i Møre også har sett av, 13. september eller 27. september 2009.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380