Haustfest i Fjellrosa 4H
Fjellrosa 4H-klubb i Sunnylven er den einaste i Stranda kommune. Nyleg arrangerte dei 17 medlemane sin årlege haustfest med program, utstilling og inviterte gjestar.
Gjennom året har medlemane i Fjellrosa 4H jobba med ulike oppgåver. Utstillinga i Sunnylvsbygda grendahus viste at interessene varierte frå husdyr, friluftsliv, til meir praktiske oppgåver som baking, fotografering, snekring og traktorservice.
Torill Sandnes er 4H-konsulent i fylket og var til stades på haustfesten for bedømming av oppgåvene. Med godkjente resultat blir medlemane premierte etter eit merkesystem frå aspirantmerke til 4H-statuett som det gjævaste.
Varta opp
Arbeida som medlemane hadde stilt ut fekk mykje skryt. Spesielt tykte Sandnes at utstillinga var flotte, noko også klubben var kjent for tidlegare. Også arbeidshefta var godt førte sjølv om ein alltid kunne finne ting å gjere enno betre, sa ho. Men det var ikkje tvil om at alle dei 17 fekk godkjent oppgåvene sine.
Haustfesten vart leia av Ole Andreas Eide Ljøen. Utanom den flotte utstillinga varta medlemane opp med program, både bordkonkurranse, spenstig dans av fire jenter og musikkinnslag av Lars Kvam Karbø. Til slutt før premiering var det servering til eit 40-talls frammøtte.
Anne Grete Hjelmeland Hole, Magnar Hauge og Per Ingebrigt Karbø er klubbrådgjevarar i Fjellrosa 4H.
Alle fekk godkjente oppgåver.
Anette Frøysa, Husdyr, aspirantmerke
Irene Trøen Frøysa, På garden, aspirantmerke
Lars Kvam Karbø, Aspirant, aspirantmerke
Sigurd Kjellstad, Aspirant, aspirantmerke
Johanne Tryggestad, Baking og Fisk, aspirantmerke
Nanna Frøysa Hellebostad, Sau, bronsemerke
Håkon Kjellstad, Trearbeid, bronsemerke
Inga Elise Vik, Aspirant, bronsemerke
Ida Kristin Dyrkorn, Grøne fingrar, sølvmerke
Helge Kvam Karbø, Sau, sølvmerke
Ole Andreas Eide Ljøen, Traktor, gullmerke
Liv Tone Tryggestad, Vi fotograferer, gullmerke
Asbjørn Kvam Karbø, Jakt og Fangst, fagskjold bronse
Sondre Frøysa, Traktor, fagskjold sølv
Ingvild Guro Hole, Form og Fantasi, fagskjold sølv
Maiken Hauge, Matstell, fagskjold gull
Helge Tryggestad, Friluftsliv, plakettnål (Plakett)