Lokalnytt

Inviterer til prat med mat på kunstsenteret

Fine, men også ei delikatesse, blir det hevda i kåseri til laurdag.
Fine, men også ei delikatesse, blir det hevda i kåseri til laurdag.

Fyrskomande laurdag blir det grillkveld på Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. I tillegg til servering blir det orientering om aktuelle saker frå fleire.
Mykje tyder på at det blir folksamt på Hægstad Gård laurdag, for etter at innbydinga gjekk ut i posten har påmeldinga vore god, seier Inge Hole, dagleg leiar i Hellesylt Vekst. Styrleiar i selskapet, Jan Ove Tryggestad inviterer alle velkomne til «gards», og deretter orienterer Hole litt om arbeidet i utviklingsselskapet.

Gjærdehald, og meir
Næringssjef Inge Bjørdal kjem med tankar rundt haustprogrammet for møteserien om bygdemobilisering, og tek gjerne mot innspel frå publikum. Bjørdal tek også føre seg andre aktuelle saker, som gjærdehald rundt om med praktiske løysingar på dei einskilde bruk, og lovreglar for gjærdehald. Om tida strekk til kjem næringssjefen i Stranda også inn på andre saker, som verktøy for nyskaping av bedrifter, kraftutbygging og samdriftsfjøs.

Matkåseri
Prosjektleiar for Matprogrammet i M&R, Solveig Brøste Sletta har fått ein halvtimen til å snakke kring den spenstige tittelen, ”Mykje uhjort med hjort”. Å få til eit lokalt slakteri for foredling av hjortekjøtt og reglar og krav til eit slikt tiltak blir av innhaldet i kåseriet.

Til slutt under programdelen blir det servert grilla kjekjøtt, vin med meir. Kirsti Indreeide Dale kåserer under tittelen ”Kjekjøtt,- ei gløymd delikatesse”.
Grillkvelden på Peer Gynt Galleriet laurdag 4. okrtober blir avslutta med musikk og dans ved trubadurane Øyvind & Eivind.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380