Lokalnytt

Julemat i kjømda frå Ole Ringdal a/s

Tusenvis av fenalår er alt klare for utsending. Ole Arnstein Ringdal t.h. og Eivind Louis Helset garanterer kvaliteten.
Tusenvis av fenalår er alt klare for utsending. Ole Arnstein Ringdal t.h. og Eivind Louis Helset garanterer kvaliteten.

Kalendaren viser to månader igjen til jul. Hos Ole Ringdal a/s på Hellesylt jobbar tilsette og produksjonsutstyr på høggir for å dekke etterspurnaden etter julemat. Til neste år kan bedrifta bli utviding med nye kjølerom og klimarom.

Hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt har 60 tilsette, men utvidar med 30 nye i høgsesongen. Det må til om dei skal greie å levere det vi får inn av bestillingar, seier assisterande dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.
Rundt 500 ulike produkt av gris, storfe og småfe blir produsert i det 6.200 kvadratmeter stor anlegget på Øyrane.
Sjølv om Ole Ringdal a/s er ein betydeleg aktør innan slakting og foredling av storfe er det i tida fram mot jul mest sau og lam som blir foredla til topp kvalitetsvarer.
Produksjonsutstyret går for fullt der fenalår og pinnekjøt er dominerande og blir produsert i tonnevis. Også salget av fårikålkjøtt har vore godt, spesielt litt tidlegare i haust, seier Ringdal.

Topp kvalitet og pris
Kvaliteten på årets lam er mellom det beste nokon gong. Snittvekta er 19 kilo, eller ein kilo høgare enn vanleg. Gode beite høgt til fjells heile sommaren er klart ei årsak, men også avl og dyktige bønder bør få litt av æra for vektauken, seier han.
-Største delen, om lag 90 % av alle lam bedrifta tek mot kjem frå nærområdet, frå Hellesylt og ti mil i radius. Det blir kortreist mat av god kvalitet, lite stresskjøtt og fornøgde bønder. Kvifor skal dyra sendast lange vegar når vi har kapasitet og betaler best pris,-

Produksjonslinja
Vi fekk sjå produksjonslinja frå fjøset til klimarom og ferdige produkt. Ei fantastisk oppleving gjennom eit topp moderande anlegg og med råvarer levert av norsk jordbruk.
Til fjøset var nye billass med sau og lam komne inn.
To klipparar og ullsortererar, alle engelske, tok seg av ”avkledninga”. Deretter bar det rett i døden, elektrisk straum i ti sekund og kapping av pulsåra.
I slakteriet var det samlebandprinsippet før dyret vart heisa opp og skinnet rive av. Etter at innvollar var fjerna vart skrotten kontrollert av veterinær, og stempla godkjent. Vekta vart registrert, og så rett på kjølerommet.
I skjerehallen vart skrotten partert. Meir pinnekjøtt, fenalår og fårikålkjøtt var på veg.

Produksjonen
Fram mot jul skal bedrifta produsere over 100 tonn pinnekjøtt og rundt 70 tonn fenalår. I tillegg pølser, kokmør og spekemør for fleire millionar kroner. Ti fullasta bilar med ferdige varer går ut frå anlegget kvar veke til kundar over heile landet.
Eit stort ansvar kviler på leiinga for at alt skal gå knirkefritt i produksjonen kvar dag. Assisterande dagleg leiar vedgår at det kan bli ting å grunde på, også etter arbeidstid. Men anlegget blir stadig oppgradert til dei krav som blir stilt, og vedlikehald blir det ikkje spart på. Store laget av reservedeler er i beredskap om noko skulle ryke, seier Ringdal.

Saueklipparar i aksjon. Dan Waterman og Georgiana Stacey Thomson nærmast, Samuel Bevin og Hannah Mary Gray(delevis skjult) bak.
Saueklipparar i aksjon. Dan Waterman og Georgiana Stacey Thomson nærmast, Samuel Bevin og Hannah Mary Gray(delevis skjult) bak.
I slakteriet kom lamma på "løpande band".
I slakteriet kom lamma på «løpande band».
Også store mengder gris blir foredla no fram mot jul. Sindre Hole har kontroll med kvaliteten.
Også store mengder gris blir foredla no fram mot jul. Sindre Hole har kontroll med kvaliteten.
Ole Arnstein Ringdal viser fram nokre av dei ferdige sidene med pinnekjøt som skal ut til jul.
Ole Arnstein Ringdal viser fram nokre av dei ferdige sidene med pinnekjøt som skal ut til jul.
Ei maskin lagar en-kilos porsjonar av oppskore pinnekjøtt.
Ei maskin lagar en-kilos porsjonar av oppskore pinnekjøtt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380