Lokalnytt

Lyste opp turistattraksjon

Hellesyltfossen ein sein kveldtime i oktober.
Hellesyltfossen ein sein kveldtime i oktober.

Tysdag kveld vart eit forslag til lyssetting av Hellesylfossen presentert. Spektakulært og vakkert viste Hellesylt sin store turistmagnet seg fram frå mørkret.
Det var to firma, Zenisk og Luminator som hadde jobba gjennom dagen for å vise korleis dei kunne tenkje seg å lyssette Hellesyltfossen. Det som vart presentert var tilnærma eit endeleg resultat, men nokre lyskastarar og mindre detaljer mangla. Forslaget var i alle høve eit godt utgangspunkt for vidare jobbing med det som bør bli ein ny, stor attraksjon i Hellesylt sentrum.

Ei prøvelyssetting
Før mange skodelystne fekk sjå forslaget frå Hellesylt bro, var det ei kort orientering på Hægstad Gård frå Tommy Bøhn, Zenisk og Per-Arne Helberget, Luminator a/s.
Bøhn sa det var tre element dei hadde lagt vekt på ved lyssettinga av fossen, Høge bru, kvernhuset og sjølve vatnet. I tillegg hadde dei belyst ein del tre langs fossen, brua på undersida og juvet bak brua. Vidare skulle gangstien opp Kloppene få lys i gjerdehøgd, ikkje høge lysmaster.
Både Bøhn og Per-Arne Helberget presiserte at det som var montert opp ikkje var eit ferdig prosjekt, men ei prøveutsetting. Fleire små detaljer mangla, men ein ville få eit inntrykk korleis det kunne bli.
Lyssettinga var svak, det var brukt lyskastarar frå 35 til 70 watt, og heile belysninga av fossen og området kring var på 1000 watt. Sjølv om forbruket var lite gav det god effekt då det var mørkt kring og vatnet i fossen var kvitt.

Ide etter studietur
Utstyret som var tenkt brukt hadde ei levetid på rundt fire år. Det ville vere naturleg å slå av belysninga på dagtid og deler av natta, meinte Helberget.
Prisen på utstyr og montering var vanskeleg å anslå no.

Inge Hole i Hellesylt Vekst har jobba mykje med dette prosjektet. Ideen kom fram etter ein studietur til Innerøy under oppsummering mellom deltakarane. Kanskje kan noko av idemyldringa etter turen bli realitet om ikkje lenge.

Tommy Bøhn, Zenisk t.v. og Per-Arne Helberget, Luminator presenterte forslaget dei hadde med til lyssetting av Hellsyltfossen.
Tommy Bøhn, Zenisk t.v. og Per-Arne Helberget, Luminator presenterte forslaget dei hadde med til lyssetting av Hellsyltfossen.
Kvernhuset ved fossen er eitt av elementa i den flotte lyssettinga.
Kvernhuset ved fossen er eitt av elementa i den flotte lyssettinga.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380