LokalnyttLokalsport

Naustdalsbamsen opnar treningssenteret

Anne Jorunn Hauge t.v. og Susanne Ringdal testar armstyrken med manualar i ein pause frå målararbeidet.
Anne Jorunn Hauge t.v. og Susanne Ringdal testar armstyrken med manualar i ein pause frå målararbeidet.

Komande laurdag kjem Stian Grimseth, Naustdalsbamsen med både NM og OL-deltaking bak seg for å opne Sunnylven IL sitt gym og treningssenter. Lokala i fyrste etasje hos Trygg Trykk på Hellesylt er sett i stand på dugnad.

Det 90 kvadratmeter store lokalet er måla i ljose fargar, og fleire trimapparat er på plass. Leiar Knut Dag Langeland håper mange vil bruke treningslokalet.
Alt har gått svært bra, og etter kvart har det blitt mange dugnadstimar som er utført. Kostnadane og drifta av treningssenteret skal Sunnylven Idrottslag stå for, seier ein nøgd idrettslagsleiar.

Lokal støtte
Mykje utstyr er alt på plass, fleire trimsyklar, ein styrkebenk, fleire lyfteapparat og manualar. Fire lokale bedrifter har støtta tiltaket med pengegåver på til saman 53.000,- kroner, pengar som har gått til utstyr som tredemølle, roapparat og matter.
På laurdag vil Stian Grimseth stå for den offisielle opninga av treningssenteret. I tilleg blir der representantar frå idrettslaget som vil orientere om arbeidet som er gjort og om korleis drifta vidare er tenkt.
Laurdag 4. oktober er treningssenteret ope mellom kl. 12.00 og kl. 15.00.

Dugnadsjengen som måla heile lokalet. Frå venstre Susanne Ringdal, Gunnar Fivelstad, Anne Jorunn Hauge, Hans Marius Ringdal, Trond Tryggestad.
Dugnadsjengen som måla heile lokalet. Frå venstre Susanne Ringdal, Gunnar Fivelstad, Anne Jorunn Hauge, Hans Marius Ringdal, Trond Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380