Raus gåve frå Sparebanken Møre

Trygve Aaland Tryggestad under eit skiskyttarrenn siste vinter.

Trygve Aaland Tryggestad under eit skiskyttarrenn siste vinter.

Måndag kom Stig Tryggestad i Sparebanken Møre med ei stor pengegåve til Sunnylven IL. 300.000,- kroner lydde beløpet på, melder Sunnmørsposten.
I følge avisa er 300.000,- kroner den største enkeltgåva banken gjev på indre i år. Tryggestad gav uttrykk for at det er viktig å gje solid påskjønning til bygdemobilisering, slik idrettslaget har vist ved fleire høve og no sist gjennom bygging av det det nye skiskyttaranlegget i Hyttehola.
Leiar i skiskyttargruppa Rune Tryggestad og leiar i idrettslaget Knut Dag Langeland var til stades og tok mot. Klubben har mellom 20 og 30 unge skiskyttartalent og måndag var dei representert ved Trygve Aaland Tryggestad.
Skiskyttaranlegget er det fyrste på Sunnmøre som står ferdig og har kostna 2.1 mill. kroner.
Pengegåva kjem nok godt med, for Sunnylven IL har også andre store investeringar på gong i nær framtid, både kunstgras på Hellesylt stadion, og kanskje kjøp av ny trakkemaskin til skianlegget.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380