
Søndag 26. oktober blir Sunnylven sanitetslag sin årlege basar arrangert. Også denne gongen er snora langs veggen på Sunnylven samfunnshus fylt opp med mange flotte gevinstar.
Under arrangementet som startar kl. 13.30 blir det åresal, trekking av loddbøker, sal av kaffi og kaker og underhaldning. På programmet står song av ungdomskoret Joyful med songar dei framførte saman med visesongaren Geirr Lystrup i Storfjord kulturhus nyleg.
Også unge dansarar frå HUL underheld.
Inntektene av årets sanitetsbasar er ikkje øyremerka noko spesielt formål, men vil gå til gåver i lokalmiljøet og generelt helsearbeid, får vi opplyst. Rundt 30.000,- kroner brutto brukar å kome inn på sanitetsbasaren i Sunnylven.