7. februar 2026

Sanitetsbasar samla fullt hus

 

 

Det var stor oppslutnad om Sunnylven sanitetslag sin basar på Sunnylven samfunnshus søndag. Totalt kom det inn litt over 33.000,- kroner.

Veret var dårleg, men svært mange fann likevel vegen til samfunnshuset og den årvisse basaren til sanitetslaget. Også denne gongen kunne arrangøren by fram flotte gevinstar, både kjøpte og handarbeid.
Basaren baud også på mykje meir enn trekning av loddbøker, det var program, åresal og sal av kaffi og kaker.

Styremedlem Kari Hauso Stadheim leia det heile. Omsorgsberedskap, fellesskap og samkjensle var stikkord sanitetslaget jobba etter. Også forebyggande arbeid for born og unge var viktig. I Sunnylven var det mange som jobba godt med dette, og det var laget svært glade for, sa ho.

Song og dans
På basaren fekk publikum sjå og høyre to slike grupper, dansegruppa i Hellesylt UL, og dei to songkora Ariel og Joyful.
Dei unge dansarane kom frå ”Sjokoladekappleik” i Tresfjord dagen før, men ingen såg ut til å ha trøtte bein, Dansarane under leiinga av Astrid R. Ringdal viste både spenst og balanse i fleire rundar på parketten, i pariserpolka, halling, springar.

Mange sette også pris på å høyre dei unge kora i kvikke songar med gode tekstar, songar som var frå ein konsert dei hadde saman med visesongaren Geirr Lystrup i Storfjord kulturhus nyleg. Under framføringa på basaren var fleire av visene med solistar, og dirigent var Oddbjørg Stadheim.
Unge dansarar imponerte under programmet

«Ariel» og «Joyful» var med og song viser av Geirr Lystrup.

Solistar frå koret «Ariel»

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →