”Sjokoladekappleik” i Tresfjord
Dansegruppa frå Hellesylt UL var sterkt representert under ”Sjokoladekappleik” i Tresfjord nyleg. Ei fylkesmønstring for moro og lyst for unge, dyktige danseaktørar.
Foto: Arne Inge Tryggestad
Hellesylt UL møtte med 48 dansarar i alder frå fyrste klasse til godt konfirmasjonsalder. I tillegg var fleire leiarar med til Tresfjord, fortel Astrid R. Ringdal, ivrig instruktør og dansar i dansegruppa til Hellesylt UL.
-Som under fylkeskappleik i Surnadal tidlegare i år var vi det største laget også denne gongen. Prosentvis etter antall elevar på skulen er vi norges største dansegruppe, noko også mange dansearrangørar har merka seg. Det er kjekt å vere frå Hellesylt Ungdomslag, for dei unge dansarane våre er svært flinke.
Til Tresfjord der vi dansa pariserpolka, springar Valdres, Halling, reinlender og laus halling, hadde vi med flinke felespelarar. Gro Mari Kjellstadli Langleite, Ida Kristin Dyrkorn, Henriette Fivelstad og Helge Kvam Karbø viste muskalske ferdigheiter frå scena,- fortel Astrid R. Ringdal.