Skiskyttaranlegget snart ferdig

Det nye skiskyttaranlegget til Sunnylven IL blir ferdig til bruk i vinter. Her frå standplass mot skivestativet

Det nye skiskyttaranlegget til Sunnylven IL blir ferdig til bruk i vinter. Her frå standplass mot skivestativet

Skiskyttarstadion til Sunnylven IL i Hyttehola nærmar seg fullføring, eit anlegg som held standard for nasjonale renn.
-Heile anlegget i Hyttehola var kostnadsrekna til 2.1 mill. kroner. Finansieringa var kommunalt tilskot, spelemiddlar og dugnad. Alt har gått greitt, men det kommunale tilskotet på 575.000,- kroner har vi ikkje sett noko til enno. Det var sagt at det skulle utbetalast over tre år, frå 08-11, fortel Rune Tryggestad leiar i skiskyttargruppa i Sunnylven IL og utretteleg organisator for realisering av skiskyttararenaen.
-Det er sendt brev til kommunen med oppmoding om utbetaling, men svar er ikkje motteke. Difor har vi teke opp byggelån for å finansiere kostnadane.- Lite heldig synest Rune Tryggestad då mykje av det kommunale tilskotet vil gå til renteutgifter på byggelånet.

Eit topp anlegg
Skiskyttaranlegget i Hyttehola har 15 skiver med snortrekk. Avstand frå standplass til skiver er 50 meter som er kravet for å arrangere nasjonale konkurransar. På stadion er ein bekk lagt i rør, stadionområdet er drenert og heva for å unngå problem med vatn, det er bygd nye løypetrasear og standplass, og nye lysmaster er på plass. Anlegget kan brukast heile året og heile døgnet, også under trening på barmark. Deler av den nye løypetraseen er grunna med tanke på at ein seinare kan leggast asfalt for ei rulleskiløype, fortel Rune Tryggestad.

Opningsrenn i mars
Sunnylven IL har mange skiskyttartalent. Sist vinter deltok mellom 15 og 20 på konkurransar. Tryggestad er sikker på at minst like mange satsar på sporten no med det nye anlegget. Han fortel at skiskyttargrupppa i Sunnylven IL er meldt inn i Sogn og Fjordane skiskyttarkrets, og opningsrennet blir kretscup-avslutning 27 og 28 mars 2009.

15 skivestativ er på plass i anlegget

15 skivestativ er på plass i anlegget

Skistadion i Hyttehola.

Skistadion i Hyttehola.

Rune Tryggestad har vore ei eldsjel i skiskyttarmiljøet i Sunnylven IL. Her å standplass under renn sist vinter.

Rune Tryggestad har vore ei eldsjel i skiskyttarmiljøet i Sunnylven IL. Her å standplass under renn sist vinter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380