Spela og dansa heile helga
Frå fredag til søndag var Sunnylven samfunnshus arena for spel og dans mellom ungdom frå heile Møre og Romsdal. Hellesylt Ungdomslag var vertskap for ei vellukka samling.
Heile 40 ungdommar frå heile fylket dansa seg gjennom helga 10. til 12. oktober på Hellesylt. Saman med vaksne og landskjente spelemenn vart ”Snu-Nordvest” ei kjekk og lærerik helg, seier Marianne Fivelstad, leiar i arrangørlaget. HUL-leiaren og fleire lokale hjelparar var med på avviklinga av stemnet.
På Sunnylven samfunnshus gjekk det på Valdres-springar og halling, fridans. Friske og spenstige tonar som fekk dansefoten til deltakarane i sving, sytte Silje Onstad Hålien frå Valdres og Erlend Viken, Oppdal for. Saman med Anna Gjendem frå Molde, koordinator for ”Snu-Nordvest”, var dei tilreisande instruktørar. Alle tre, som for tida er busett i Oslo, vann sine klasser under årets landsstemne, fortel Astrid R. Ringdal, ei av eldsjelene for leik og dans i driftige Hellesylt Ungdomslag.