Stian Grimseth klipte snora
Laurdag vart Sunnylven IL sitt gym- og treningssenter i fyrste høgda til Trygg Trykk offisielt opna. Snorklippar var årets norgesmeister i supertungvekt styrkeløft, Stian Grimseth.
Det siste året har fleire jobba med å setje i stand idrottslaget sine nye trimlokale på Hellesylt. Mange dugnadstimar og store pengegåver, til saman 53.000 kroner frå fire bedrifter på
Hellesylt er baka inn i dei 90 kvadratmeter store lokala og i eit variert utval utstyr, kunne leiar i Sunnylven IL då han ynskte vel møtt til opning.
Mellom ti og femten personar møtte fram, mellom dei Stian Grimseth, kraftkaren frå Naustdal i nabofylket. Han hadde sagt ja til å stå for den offisielle opninga i dei ljose og luftige lokala, å klippe over silkebandet i nasjonalfargar.
Trenar framleis
Grimseth har slutta som konkurransemann på topplan, men trenar jamt og trutt, kunne han røpe for hellesylt.no. Han har framleis styrke både i armar og bein. Sist sommar sykla han Trondheim – Oslo saman med 38 andre frå Førde sykkelklubb, og alle kom i mål under 20 timar. Det var vi godt fornøgde med,- sa Naustdalsbamsen. Og årets norgesmeister i styrkeløft supertungvekt heiter Stian Grimseth. Ikkje den mest vanlege kombinasjon med sykling og vektløfting, meinte han, men å sykle ”Den store styrkeprøva” var artig og sosialt.
Rosa treningssenteret
Om treningssenteret hadde han mykje positivt å seie. Plassen var fornuftig utnytta og det var teke inn dei rette apparata for å drive grunnøvingar. Utruleg mykje var kome på plass på eit relativt lite areal, tykte han.
Stian Grimseth har kone frå Hellesylt og er på slektsbesøk fleire gonger i løpet av året. Han annonserte at når han er på Hellesylt vil han nytte seg av Sunnylven IL sitt gym- og treningssenter.