Lokalnytt

Stor markering av kyrkjejubileum

Programnemnda drøfta mange saker på siste møte. Frå venstre Kristin Storstein, Ruth Hole Aaland, Astrid Ringdal, Bjarne Sjåstad, Svein Runde.
Programnemnda drøfta mange saker på siste møte. Frå venstre Kristin Storstein, Ruth Hole Aaland, Astrid Ringdal, Bjarne Sjåstad, Svein Runde.

Sunniva-koret og Hanne Krogh er mellom mange kjente aktørar som blir å høyre når Sunnylven kyrkje rundar 150 år i 2009. Jubileet for kyrkja startar med gudsteneste nyttårskvelden, og deretter blir det ulike markeringar til september.

Fleire personar og nemnder er i arbeid med planlegging av ulike arrangement.
Ei skriftnemnd jobbar med jubileumsskrift, og programnemnda har fått dei fyrste innslaga på plass.
I mars blir det konsert med Sunniva-koret og dirigent Per Oddvar Hildre, og under Sommardagar på Hellesylt blir det gjenhøyr med Hanne Krogh og lokale kor, fortel leiar i programnemnda Ruth Hole Aaland. Saman med Kristin Storstein, Astrid Ringdal, Bjarne Sjåstad og Svein Runde hadde dei sitt tredje møte nyleg der mange innslag var oppe til drøfting.

Hovedmarkering i september
Framleis er det mange lause trådar, seier ho, men at det skal bli ei stor og verdig markering av 150-års jubileet for kyrkja, er ho sikker på.
Som tidlegare meldt er det sendt invitasjon til Slottet og Dronning Sonja om å vere til stades i høve kyrkjejubileet. Avhengig av svaret der i frå blir sjølve jubileumsgudstenesta for Sunnylven kyrkje 13. september eller 27. september 2009.

I 1859 stod den nye Sunnylven kyrkje ferdig til bruk. Då hadde byggearbeidet pågått i om lag eitt år. Den store, kvitmåla kyrkja som er bygd i tre, har over 400 sitjeplassar, er 27 meter lang, og til tårnspissen er høgda heile 28 meter.
Kyrkja vart vigsla av biskop Kaurin, søndag 7. august 1859.

Sunnylven kyrkje.
Sunnylven kyrkje.
Altertavla i Sunnylven kyrkje. (Foto: Svein Runde)
Altertavla i Sunnylven kyrkje. (Foto: Svein Runde)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380