Astrid R. Ringdal heidersmedlem i HUL.
Astrid R. Ringdal er av styret i Hellesylt Ungdomslag utnemt til heidersmedlem i laget. Det vart kunngjort under barnelaget si 20 års markering på Sunnylven samfunnshus 23. november.
Leiar i Hellesylt ungdomslag, Marianne Fivelstad stod for overrekkinga, eit innramma diplom var det synlege heidersbeviset.
Astrid Ringdal har gjennom alle år barnelaget har eksistert, lagt ned eit stort og verdfullt arbeid innan leik og dans. Ei drivkraft og ei eldsjel der lange arbeidsdagar ofte har blitt avslutta med å leite fram danseskorne for å øve inn ulike dansar med ungdomen på Hellesylt.
Det har blitt mykje farting og opptreden, sa festleiar Randi Sæter og ramsa opp tilstelningar og stemne i fleng der dei unge dansarane hadde delteke og sett ”farge” på arrangementa.
Etter å ha tenkt seg litt om var nordisk stemne på Gjøvik i 1995 det største Astrid Ringdal hadde vore med på i desse 20 åra. Mellom fleire tusen dansarar frå alle nordiske land var 20 deltakarar frå Hellesylt.
Som heidersmedlem i Hellesylt Ungdomslag har Astrid R. Ringdal livslangt og gratis medlemskap i laget.