Lokalsport

Avsluttar fotballåret med Førde Cup

Sunnylven sine spelarar var på plass på Førde Hotel fredag kveld.
Sunnylven sine spelarar var på plass på Førde Hotel fredag kveld.

Sunnylven reiser med 30 spelarar og leiarar til Førde Cup. Den etter kvart så tradisjonelle turen markerer avslutninga på fotballsesongen.
Sunnylven deltek med fire lag, J16, G16, J19 og G19, og alle er innlosjert på Førde Hotel. Laurdag startar innleiande kampar i Førdehuset der alle får spele 3-4 kampar på 14 minutt kvar. I alt 140 lag frå Sunnmøre, Sogn og Fjordane og Hordaland deltek. Søndag er det sluttspel.
Lagleiarar for jentelaga er Hans Hole og Magnar Hauge, og for gutane Steinar Hjelle.
Laurdag kveld har Sunnylven lagt opp til sosialt samvær på hotellet med pizza, for hall-turneringa i Førde markerer avslutninga på fotballsesongen 2008 for dei fire laga.
Les resultat på http://www.sunnylven.no/default.aspx?id=14992

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380