Lokalnytt

Barnelaget, ein sprek jubilant

Det var tydeleg moro å svinge seg i finstas for unge medlemer i barnelaget.
Det var tydeleg moro å svinge seg i finstas for unge medlemer i barnelaget.

doc_483_13

Barnelaget i Hellesylt Ungdomslag markerte 20 år søndag 23. november. Ein stor festlyd fekk sjå jubilanten vise prov på danseferdigheiter og spenstige hallingkast.

Randi Sæter i barnelaget leia festen og fortalde litt om laget, og frå den store aktiviteten som jubilanten har hatt gjennom to ti-år.
I alt er 54 born og unge med, delt i to grupper, den yngste frå 1. til 4. klasse, og den andre og største frå 5. klasse og oppover.

Fyrste reis og opptreden utanfor Sunnylven var til barnestemnet i Volda med 43 deltakarar i 1990. I åra etter har det blitt mange nye reiser og opptreden i heimbygda, sa Randi Sæter. Ho ramsa opp av det laget har delteke på, Sunnmørsstemne, dansa under 17. mai og andre arrangement på Hellesylt, under Hellesyltdagane, på Grand Hotell, Stranda Hotel, på Seljeflot, fylkeskappleikar, sjokoladekappleik i Tresfjord, og nordisk barnestemne på Gjøvik i 1995.

Heidersmedlem
-Det er ein flott gjeng som får mykje merksemd når vi er på stemne. Dei andre laga misunner oss at vi har så mange flotte gutar med. Andre har berre nokre få eller ingen gutar med,- sa Randi Sæter.
For å halde oppe den store aktiviteten krevst det leiarar. Her var barnelaget i Hellesylt Ungdomslag heldige som hadde Astrid Ringdal, sa festleiaren. Heilt frå starten hadde Astrid vore ein drivande instruktør og lært frå seg dans i alle former. Også teater for born hadde ho vore med å skipa til, hatt danseopplæring for vaksne og vore instruktør for dansegruppa i Sykkylven, ramsa Randi Sæter opp. Innsatsen fortjente prisen som heidersmedlem i Hellesylt Ungdomslag, meinte styret, sa Randi Sæter.

Helsingar
Heidersteiknet, eit diplom og blomster vart overrekt av leiaren i HUL, Marianne Fivelstad, som sjølv fekk blomster frå barnelaget for sin innsats.
Til 20-års jubilanten var det kome helsing frå kulturleiaren i Stranda kommune, frå Sunnylven bygdekvinnelag og Sunnylven sanitetslag, og frå Hellesylt Vekst a/s med 5000,- kroner i gåve. Også ein representant frå SU helsa og overrekte blomster til jubilanten.
Astrid R. Ringdal er det andre heidersmedlem i Hellesylt Ungdomslag. Frå før har Oddvin Parr fått livslangt, gratis medlemskap.

-
Astrid Ringdal fekk også helsing og takk i morosame vendingar frå unge dansarar.
Astrid Ringdal fekk også helsing og takk i morosame vendingar frå unge dansarar.
-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380