Lokalnytt

Diplom og gåvekort i fjelltrimmen

Kari Hauso Stadheim og Leif Egil Åsen frå trimgruppa,( bak t. h.) delte ut diplomar til både unge og eldre trimmarar.
Kari Hauso Stadheim og Leif Egil Åsen frå trimgruppa,( bak t. h.) delte ut diplomar til både unge og eldre trimmarar.

Under årsfesten for yngres fotball vart det delt ut diplom og gåvekort i fjelltrimmen. Oppslutninga har vore rekordstor i 2008.
Friidrett/trimgruppa delte ut diplom til alle som leverte inn trimskjema, 25 born og 33 vaksne. Langt fleire har nok vitja dei 23 postane som har plasseringar både høgt og lavt i terrenget og gjev frå 3 poeng på postar i nærområdet, til 15 poeng på ”bytesteinen” i Sunnylven, 1285 meter høge Steimsnibba.
Det vart også delt ut fire gåvekort på 400 kroner kvar til trimmarar som har vitja ti postar eller fleire. Vinnarar vart Stian Frøysa, Inger Ringdal Sæter, Wenche Ringdal, Arne Tronstad.
Friidrett/trimgruppa har starta på eit nytt trimår og sel skjema til kr. 20.- på Coop Sunnylven for eigenregistrering av postar og poeng.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380