Lokalnytt

Eit godt år for TINE

Styreleiar i Tine Meieriet Vest, Jan Ove Tryggestad, Hellesylt.
Styreleiar i Tine Meieriet Vest, Jan Ove Tryggestad, Hellesylt.

Tine vart årets merkevareleverandør, og salet av meieriprodukt går så det susar. Mykje tyder på at meierigiganten får eit nytt, godt driftsår.

Under årsmøtet i Sunnylven Bondelag orienterte styreleiar i Tine Vest, Jan Ove Tryggestad frå halvårsrapporten til selskapet. Den viser at nedgangen i mjølkesalget har stoppa og er på veg oppover igjen. Norvegia sel svært bra, men for brunost viser tala nedgang. Yoghurt veks, og det same gjeld Snøfrisk. Geitosten blir eksportert til fleire land, men grunna råstoffmange kan det bli problem å dekke opp behovet.

Etterskot som i fjor
Tryggestad var innom fleire av dei mange produkta frå Tine, alle kvalitetssikra frå a til å. Og dei mange datterselskap til meierigiganten går godt med unnatak av Diplom Is.
Dei siste to åra har vore svært bra for Tine, noko styreleiaren meinte var eit resultat av rasjonaliseringar i selskapet. Han trudde mjølkeprodusentane kunne vente seg ei etterbetaling i 2008 på høgde med fjoråret.

Frykta lønskrav
Jan Ove Tryggestad var likevel litt betenkt over lønnskrav frå organisasjonane.
-Tine er eit solid selskap, men ein stad går grensa. Vi er rike på olje og gass her i landet, men stadig auka lønskrav kan kome til å øydelegge konkurranseevna vår,-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380