”En gudelig Sammenkomst…”
Fredag 28. november er det på dagen 150 år sidan soknepresten heldt ei tale frå kordøra i den då nybygde Sunnylven kyrkje. Kyrkja vart vigd til bruk i august året etter, så 1859 er året alderen på kyrkja blir rekna frå.
I bygdeboka for Sunnylven og Geiranger kan ein lese om bygging av ny kyrkje i Sunnylven. Arbeidet starta tidleg om våren i 1858, og seint på hausten var kyrkja reist.
I november vart kyrkja i fylgje dagsregisteret til presten teka i bruk for fyrste gong.
”28. november:
-En gudelig Sammenkomst med Menigheten i den nye, endnu ikke indviede Kirke idet Præsen holdt en tale fra Chordøren»-.
Sunnylven og Geiranger hadde prest saman med Norddal prestegjeld. Det var Rasmus Andreas Rolland. Sunnylven og Geiranger vart eige prestegjeld ved kongeleg resolusjon 18. mars 1861.
Dronning Sonja invitert
150-års jubileet for Sunnylven kyrkje vil bli markert ved fleire høve i 2009, med sjølve jubileumsdagen i september. Fleire vil bli invitert, og det er alt sendt innbyding til Slottet og dronning Sonja. Slottet har bekrefta at dei har motteke invitasjonen, men at det er for tidleg å gje eit svar no.