Feira edelt metall med kake

Også ansatte i pakkeriet feira NM-medaljene med marsipankake. Til venstre ass. dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.

Også ansatte i pakkeriet feira NM-medaljene med marsipankake. Til venstre ass. dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.

Ole Ringdal A/S henta også denne gongen heim mykje edelt metall og synleg bevis på produkt i toppklasse frå NM i kåring av kjøttprodukt 2008. Nyleg feira leiinga og dei tilsette topplasseringane med marsipankaker og kaffi.
-Suksessen er dei tilsette si ære,- seier assisterande dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal. -Kvalitet kjem gjennom dyktig og stabil arbeidskraft og arbeidsmoral-.
Og Ringdal ausar ut med fleire superlativ. -Våre ansatte leverer ein fantastisk innsats, det er arbeidskraft med mykje kvalitet, for mange har vore her i mange år og kjenner ”huset” og produksjonen godt. Ein unik arbeidsstokk som heller ikkje nektar å stå på overtid no i hektiske tider før jul-.
Under NM i kåring av kjøttprodukt fekk Ole Ringdal A/S sølv for grillmør og marinert svinenakke, og bronse for røykt spekemør, kokt skinke og danskrull. Heile 50 bedrifter deltok med til saman 455 produkt.

Toppkvalitet på hud og skinn
Ole Ringdal A/S, hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt med rundt 90 tilsette i høgsesongen leverer ikkje berre topp kvalitet innan kjøttvarer. Nyleg kunne bedrifta ta mot ei ny utmerking, eit stort sølvfat for å ha levert beste huder og skinn. Bedrifta er aksjonær saman med åtte i det privateigde selskapet Norskinn, og i konkurranse med andre, mellom anna Gilde gjekk Ole Ringdal A/S heilt til topps i kvalitet.
Ikkje hol eller andre skader, salta perfekt og fritt for kjøtt og fettrestar er kriterier det blir lagt vekt på i bedømminga. Ole Ringdal A/S leverer 18000 hud og skinn i løpet av året.

Tilsette i produksjonen: Bak f.v.: Leif Egil Åsen, Bård Øye, Per Ove Frøysa, Karl Johan Espe, Vidar Even Leite, Bjørn Tryggestad. Framme: Jostein Ringdal, Torstein Tafjord og ass. dagleg leiar Ole A. Ringdal.

Tilsette i slakteriavdelinga med det store sølvfatet for topp kvalitet på hud og skinn. (Foto: Privat)

Tilsette i slakteriavdelinga med det store sølvfatet for topp kvalitet på hud og skinn. (Foto: Privat)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380