Lokalnytt

Fostrar fram ny årgang lakseyngel

 

Det har blitt mange våte og kalde dagar ved lakseklekkeriet i Husøyna også denne hausten for Arne Korsbrekke. No er rogn og mjølke til 100.000 yngel er på plass i oppdrettskara.

Nye storlaksar er sikra og vil finne vegen til Korsbrekkeelva i åra som kjem.
Det trur Arne Korsbrekke som er tidleg ferdig med å ”stryke” avlslaks i haust. Jobben er snart gjort for i år, seier han og håvar opp ein ho-laks frå kummane ved klekkeriet som skal strykast for rogn. Resultatet vart som han håpa på, om lag to liter, eller nok rogn til 5000 yngel.
Ho-laksen var slank og ”slåpen” når han vart sett tilbake, som han skulle vere.

Yngelslepp i mai
Så var det hann-laksen som vart håva opp for å tilføre mjølke. For sikker heit skuld henta ”klekkerisjefen” opp tre som han tilførte rogna mjølke frå. Å blande litt ulike gener og eigenskapar var bra, meinte Arne Korsbrekke.
Dermed var den kalde og våte jobben gjord nok ein gong. Nye 5000 lakseyngel skulle bli resultatet om alt gjekk bra, og det brukar det å gjere ved klekkeriet i Husøyna.
I mai neste vår er avlsarbeidet blitt til sprelske små lakseyngel som får sine fyrste symjeturar i Korsbrekkeelva. Der blir dei verande i to-tre år før turen går til havet. Eit år etter kjem dei fyrste tilbake som pjakk på eit par kilo, og om dei får leve vidare blir det storlaks og spanande opplevingar for sportsfiskarane, fortel Korsbrekke.

Skjortevåt
Og spanande fiskedagar er det mange som har opplevd i Korsbrekkeelva. Også i år har elva hatt besøk av store ruggar, spesielt ein laks vart tippa til over 30 kilo. Fleire fiskarar hadde laksen på, men fekk aldri bruke håven eller slå kleppen i han. Mellom anna i Fløtehølen var ”trollaksen” på kroken, men bykste til og slo i vatnet så fiskaren på land var søkk våt, har Arne Korsbrekke fått seg fortalt.

Evig bevart
At store laksar dukkar opp kan Arne bekrefte. For nokre år sidan hadde dei ein hann-fisk på rundt 30 kilo i avl ved klekkeriet. Det var tung og sterk, så den var det slitsamt å jobbe med fortel han.
Også i år tok dei opp ein rug på kring 20 kilo som no har fått sine gener planta i oppdrettskara ved klekkeriet. Etter at han hadde ”gjort jobben” vart laksen sendt til utstopping og evig bevaring for fiskaren.

Rogn og mjølke, og det blir nye lakseyngel til neste vår.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380