
Henning Frøysa vart vinnar av Rasmus Matvik`s minnepokal. Overrekinga fann stad på Sunnylven Fotball sin store premiefest for dei aldersbestemte laga.
Det var ein populær vinnar som kunne heve den flotte pokalen over hovudet på ein godt besøkt avslutningsfest. Henning Frøysa er den sjuande vinnaren av talenttrofeet som skal delast ut i femten år. Deretter skal minepokalen trekkast mellom alle vinnarane, og den heldige får pokalen til odel og eige.
Tildelinga av Rasmus Matvik`s minnepokal skjer etter loddtrekking der trenarane nominerer tre spelarar frå kvart lag mellom 11 og 17 år som har vist god framgang og gode haldningar til sporten og laget sitt.
15 år gamle Henning Frøysa har spela på Sunnylven sitt juniorlag, og var med på G16-laget som deltok i Norway Cup.
Det gjeve trofeet har blitt delt ut fast sidan 2002 og tidlegare vinnarar er: Leif Rune Tryggestad, Ingvild Guro Hole, Svein Erik Frøysa, Martine Forbord, Linn Helene Brekke, Markus Tryggestad Forbord.
Mange vinnarar
Det var ikkje berre Henning Frøysa som kunne hente sitt trofè etter ein fin fotballsesong med Sunnylven. Mellom 60 og 70 spelarar fekk kvar sin fotballstatuett og diplom. Også bevis for avlagt prøve til minimerket vart delt ut til fleire. Utdelingane var det trenarar og oppmenn for laga som stod for. Ein flotte fotballfesten med innlagt bingo vart leia av fotballsjef i klubben, Steinar Hjelle, og samla svært mykje folk både av unge og eldre.
Ikkje ferdig med fotball
Utandørs sesongen med -lærkula- er slutt for i år, men turneringar inne ventar for fleire av laga i klubben. Frå 7. til 9. november er det inne-KM for junior og senior damer i Strandahallen der arrangørklubben Sunnylven stiller med lag. Litt seinare i månaden er det Førde cup i Førdehallen.
