Inviterer til bygging av pepperkakehus

Eit tradisjonet pepperkakehus. Utstillinga på Hægstad Gård blir nok meir kreativ.

Eit tradisjonet pepperkakehus. Utstillinga på Hægstad Gård blir nok meir kreativ.

Arrangør av Sunnylven skulekorps sin juletombola håper mange vil ta utfordringa og delta i konkurransen om å bygge sitt eige pepperkakehus. Pepperkakebygga skal stillast ut og dei tre flottaste blir premierte.
Å bygge pepperkakehus er eit nytt tiltak for unge og eldre i samband med skulekorpset sin årlege juletombola. Det er sendt ut invitasjon der alle blir utfordra til å delta. Om ein vil bygge eit vanleg pepperkakehus, fjøs, kyrkje eller ei anna bygning er valgfritt, seier Hilde Brekke som saman med Annvor Tryggestad tek mot dei ferdige byggverka.
Men det hastar med å kome i gong med baking og bygging, for bygga skal stillast ut i vindauge på Hægstad Gård før fredag 28. november. Spanande å sjå kor stor pepperkakebyen blir, men det blir garantert ei sjåverdig utstilling alle bør få med seg.
Til juletombolaen søndag 30. november blir alt flytta til samfunnshuset og stilt ut der, og tre av byggverka blir premiert før alle kan ta med sine pepperkakehus heim.

Tombola og julegrantenning
Sunnylven skulekorps sin juletombola blir arrangert søndag 30. november frå kl. 13.00. Også i år er det masse flotte gevinstar, rundt 800 å kjøpe lodd på, og det blir sal av kaffi og kaker.
Same ettermiddag blir julegrana tend i Hellesylt sentrum til kjende og kjære juletonar frå Sunnylven skulekorps.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380