Lokalnytt

Julegilde i bygdekvinnelaget

På bildet frå v: Åse Sæter, Annbjørg Fivelstad, Anna Jorunn Ljøen, Oddbjørg Stadheim, Lisbeth Lervik, Borghild Hauso.
På bildet frå v: Åse Sæter, Annbjørg Fivelstad, Anna Jorunn Ljøen, Oddbjørg Stadheim, Lisbeth Lervik, Borghild Hauso.

Sunnylven bygdekvinnelag baud inn til sitt årlege julebord på Tronstad grendahus sist fredag kveld. Tette snøbyger frå nordvest stoppa ikkje festglade medlemer som visste at det beste av julemat kom på bordet den kvelden.
Det vart rett så vinterleg ver då ”Dalarane” opna storstova på Tronstad for bygdekvinnelaget si faste samkome før jul. Snøen lava ned, men det hindra ikkje at 33 medlemer møtte til god servering, litt program og mykje lystig prat.
Tidlegare NRK journalist, Sissel Brunstad frå Velledalen kåserte og fortalde frå den siste boka si, ”Den gamle sunnmørsjula”.
På det festpynta langbordet vart det sett fram mykje god varm mat, pinnekjøtt, ribbe, kokmør, poteter, surkål og kålrotstappe. Før samkoma var slutt kunne alle forsyne seg frå eit rikt dessertbord, og med kaffi og kaker.
Deretter vart det mykje snømåking før festdeltakarane kunne reise heim. Det lava ned over ein halv meter snø på Tronstad på vel tre timar.

Frå v: Anne Marie Sømoen Frøysa, Wenche Solli, Berit T. Hole, Grete Bjørdal.
Frå v: Anne Marie Sømoen Frøysa, Wenche Solli, Berit T. Hole, Grete Bjørdal.
Frå v: Nelly Brekke, Kjelly Frøysa, Oddveig Kjellstad, Sissel Brunstad.
Frå v: Nelly Brekke, Kjelly Frøysa, Oddveig Kjellstad, Sissel Brunstad.
Frå v: Torunn Hauge, Kirsti Rusten, Erna Hellebostad, Hildegunn Fure.
Frå v: Torunn Hauge, Kirsti Rusten, Erna Hellebostad, Hildegunn Fure.
Sissel Brunstad fortalde om og frå boka si, "Den gamle sunnmørsjula".
Sissel Brunstad fortalde om og frå boka si, «Den gamle sunnmørsjula».
Brøytaren hadde ein tøff jobb med å halde vegen til Tronstad grendahus open fredag kveld.
Brøytaren hadde ein tøff jobb med å halde vegen til Tronstad grendahus open fredag kveld.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380