Mange besøkte julemessa
Dagen før fyrste søndag i advent vart det arrangert julemesse på Hellesylt for aller fyrste gong. Det vart ein suksess som kan bli fast innslag for seinare.
Denne gongen stod fleire lag bak tiltaket som samla 16 stands med variert varespekter.
Hellesylt Næringslag var ein av arrangørane, og Heidi Hauge frå styret seier at det kom mange svært positive tilbakemeldingar. Mange hadde bra sal og måtte hente nye forsyningar. Det vart litt trangt å bruke berre ”nyesalen” og vestibyla på samfunnshuset, for arrangøen av juletombolaen klargjorde med gevinstar i hovedsalen.
Å kunne kjøpe seg ein tallerken god risengrynsgraut var tydeleg populært. Sunnylven bygdekvinnelag koka og selde ut graut av 40 liter mjølk, sponsa av ein mjølkebonde med for lite kvote.
Heidi Hauge trur julemessa blir eit årvisst arrangement.