Lokalnytt

Minikonsert med Sunnylven skulekorps

 

Det svinga triveleg då Sunnylven skulekorps inviterte til minikonsert på Sunnylven samfunnshus. Også andre aktørar imponerte.

Sunnylven skulekorps har ei ung besetning på rundt 15 musikarar. Minikonserten fredag var opptakt til mykje flott korpsmusikk i tida framover, julegrantenning søndag 30. november og julekonsert i kyrkja noko seinare. Også nissespeling i Hellesylt sentrum fram mot jul står på programmet til korpset.
Under leiing av dirigent Trond Otto Berg fekk om lag 40 frammøtte høyre svingande tonar frå ”Piratane kjem”, ”Slaget”, og ”Piratmarsj”. Musikken frå ”Olsenbanden” måtte spelast to gonger etter krav frå publikum.
Til sommaren 2009 blir det tur til England for Sunnylven skulekorps og fleire foreldre.

Tilstelninga på Sunnylven samfunnshus vart krydra med fleire flotte innslag av unge utøvarar. Dansegruppa i Hellesylt ungdomslag har imponert ved fleire høve før, det same gjorde dei fredag kveld. Unge Lars Kvam Karbø viste stort talent på pianoet, det same gjorde Helge Kvam Karbø då han då han drog opp med to slåttar på fele.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380