Rikhaldig juleåpning på Hellesylt.

Frå julegata i Hellesylt 2007. (Foto: Arne Inge Tryggestad)

Frå julegata i Hellesylt 2007. (Foto: Arne Inge Tryggestad)

På Hellesylt opnar julegata med mange og varierte tilbod laurdag 29. november. Skulekorpset spelar, og dagen etter er det juletombola på Sunnylven samfunnshus, før julegrantenning og lysmesse i Sunnylven kyrkje.

Mange har hatt tankar om å få til noko ekstra i Hellesylt sentrum fyrste helga i advent,
i tillegg til tombola og julegrantenning. No er eit rikt og variert opplegg klart, med både underhaldning, sal av heimelaga produkt og utvida opningstider i butikkane.
Hellesylt Næringslag tender lysa i julegata på Hellesylt laurdag 29. november kl. 17.00.

Fredag 28.november frå kl. 12.00 til 18.00.
Sunnylven kyrkje er open i høve at 28. nov. er på dagen 150 år sidan ”presten holdt en tale fra kordøren…” i den nybygde kyrkja. Høve til å tende lys i lysgloben.

Laurdag 29. november frå kl. 12.00 til 17.00, på Sunnylven samfunnshus.
Lions Hellesylt sel julenek.
9. klasse sel julegløgg.
8. klasse sel julemenn, laga etter ”Bakar-Karsten” si oppskrift.
Annbjørg Fivelstad/Åse Sæter sel lefse og flatbrød.
Martin Janssen sel eigna handverksprodukt.
Anita Nordang med sal av barneklær.
Eli Frostad, sal av strikka plagg.
Torunn/Anne Marie sel dreia treprodukt og krumkaker
Astrid Langeland sel bilder av Eldar Parr.
Fotballgruppa sel klubbgenseren, ei fin julegåve
Sunnylven bygdekvinnelag sel risengrynsgraut, varme nysteikte smultringar, kaker og kaffi.
Julekaker frå Oddveig Kjellstad. Inntekta går til skulekorpset
Melchior-garden, Norddal byd fram ulike matprodukt av geitkjøt.
Sunnylven skulekorps spelar rundt om.
Alle butikkar har gode tilbod og utvida åpningstid til kl. 18.00.
Alle blir oppmoda om å finne fram og stille i nisseklede.

Søndag 30. november.
Sunnylven skulekorps held tombola på Sunnylven samfunnshus frå kl. 13.00. 800 flotte gevinstar.
Kl. 15.30. Julegrana i Hellesylt sentrum blir tend. Sunnylven skulekorps spelar.
Kl. 16.00 Lysmesse i Sunnylven kyrkje. Barnekoret Ariel og ungdomskoret Joyful deltek.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380