Det vart sølv og bronse til Ole Ringdal a/s frå Hellesylt under NM i kåring av kjøttprodukter. Assisterande dagleg leiar, Ole Arnstein Ringdal var fornøgd med resultatet frå ein knallhard konkurransen.
Kjøttvarebedrifta på Hellesylt fekk to sølv, for grillmør og marinert svinenakke, og tre bronsemedaljer for røykt spekemør, kokt skinke og danskrull.
Årets NM var ein knallhard konkurranse om dei beste kjøttvareprodukta. Over 50 bedrifter deltok og 455 produkt var til bedømming av tre dommarar.
-Vi er bra fornøgde, resultatet er nok ein bekreftelse på at bedrifta vår har dyktige ansatte, og at vi levere gode produkt,- sa ass. dagleg leiar Ole A. Ringdal i ein kort kommentar etter at resultata var klare i Oslo.
Fleire medaljer til Stranda
To andre kjøttvarebedrifter frå Stranda deltok også i NM og gjorde det godt. Tind spekevarer fekk ei gull og tre sølv, Stranda spekemat, som er med under Grillstad, fekk gull for beinfri fenalår.