
Stengte vegar på grunn av mildver og ras skapte problem for fleire som skulle på jobb på Hellesylt torsdag. Både Ljøvegen og fylkesveg 80, Hellesylt Vollset var stengte.
Ljøvegen var nattestengd på grunn av fåre for ras, og Fjord 1 sette inn ferje mellom Hellesylt og Stranda.
Ved Stadheim gjekk eit mindre sørpeskred over vegen. Vegen vart rydda, men Statens Vegvesen slepte ikkje trafikk forbi før ut på morgonen.
Veret.
Veret på Hellesylt torsdag 27. november kl. 12.00.
Temperatur: ca. 4.0 +
Vind: Stille.
Nedbør: Regn, snø over ca. 1000 meter.
Utsikter: Fallande temperatur, i morgon byger, nedbør som snø.