
Det har gått tre månader av eit nytt skuleår, men aldri for seint å presentere nye elevar. Ved Sunnylven skule gjekk ti ut etter siste skuleår, og ti nye tok til i fyrste klasse.
Ein litt kjøleg dag tidleg i november, men ingen sure miner frå elevar og lærarar i 1. og 2. klasse for det. Alle stilte viljug opp og smilte som fotografen befalte.
Skuledagen for dei 79 elevane og 13 lærarane ved Sunnylven skule går sin vante gang. Haustferien er over, grunnskuleveka er avslutta og snart startar førebuingane til jul.
Nyleg kom ubedne gjestar på besøk ei natt til Sunnylven skule. Med brekkjarn og rå makt tok dei seg inn på klasserom og raska med fleire bærbare datamasiner. Eit trasig oppleving for elevar og tilsette dagen derpå. No er alle datamaskiner erstatta med nye.
Avslutninga til jul er bestemt til torsdag 18. desember. Då er det juleferie fram til måndag 5. januar.

