
Ljøkaia er skada av sjø og bølger. Snarlege utbetringar må til om ein vil bevare ein viktig del av samferdselsåra Den Trondhjemske Postveg, og ei båtstø for livet langs Storfjorden.
Det har lenge synt på overflata at sjø og bølger har fare ille med toppdekket på Ljøkaia. Betongen er broten opp og stadvis borte. Verre er at grunnsteinar til frammuren held på å rause ut.
Under ei befaring etter nedre del av Den Trondhjemske Postveg på Ljøen i haust med personar både frå fylke og lokalt interesserte, vart det også sett på kaia og skaden på toppen. Det vart kjent at også gråsteinsmuren i sjøen var skada, noko dykkar skulle sjå nærare på.
Dykkar Ole Johnny Brekke har sett Ljøkaia under sjøen og er betenkt. I botnen på den om lag fem meter høge gråsteinsmuren er der rausa ut stein i hjørna. Også høgare oppe er stein i ferd med å gli ut. Om det ikkje skal oppstå enno større skader, må det setjast i verk reparasjonsarbeid snarleg, trur Brekke.
