Lokalnytt

Bønder skal skulere seg

Frå nyttår blir det krav om kompetansebevis for alle eigarar av storfe.
Frå nyttår blir det krav om kompetansebevis for alle eigarar av storfe.

Bønder må no kurse seg i enno betre dyrestell. Frå 1. januar krev Mattilsynet kompetansebevis av alle som har ansvar for dyrestell, uansett lang eller kort yrkeserfaring.
I forskrifter om dyrehald heiter det at alle som steller og handterer storfe, skal ha nødvendig kompetanse til å gjere dette på ein tilfredsstillande måte.
Det betyr at alle storfehaldarar, også dei som forar fram til slakt må på ”skulebenken” og kurse seg i nær framtid, seier produksjonsrådgjevar Geir Flacke. Han legg til at frå januar 2010 blir det krav om kompetansebevis også for dei som driv med sau og geit.
Geir Flacke forstår at mange bønder med lang husdyrerfaring meiner eit slikt pålegg er unødvendig. Han trur likevel eit kurs på 15 timar vil vere nyttig, og at mange kan sjå ting på nye måtar. Det har skjedd ein del innan forskning når det gjeld både miljø, trivsel, tilvekst og produksjon, seier han.

I Sunnylven vil Produsentlaget saman med Bondelaget arrangere kurs der bønder melder seg på og gjennomgår studieheftet ”Dyrevelferd hos Storfe”. Alle som gjennomfører kurset får kompetansebevis slik det blir krevd.
Fyrste møtet blir eit fellesmøte mellom alle som skal gå kurset, og Geir Flacke oppmodar også geit og saue-eigarar til å delta på møtet som blir tidleg i januar.
Påmelding til kurset til:
Geir Flacke, 6230 Sykkylven, tlf: 99 63 68 52
Oddvar Tynes, 6218 Hellesylt, tlf 70 26 36 50

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380