Lokalnytt

«Elva Mali» stakk av

Elva-Mali slik ho såg ut då ho kom fram i ljoset ved Hellesytfossen. Bak kostyma var Olga Taraldset.
Elva-Mali slik ho såg ut då ho kom fram i ljoset ved Hellesytfossen. Bak kostyma var Olga Taraldset.

Elva Mali har hatt tilhald ved Hellesyltfossen og Hellesylt bro i alle år. Då flaumljoset vart sett på i fossen søndag kveld 21. desember, kom Elva Mali fram, og stakk av. Men reiste ho for godt?
ELVA – MALI

Elva-Mali det heite e
E bor burti føssa i lag med nå Pe.
Der har vi regjert i alle dei år
Under bruene og i føssen e det vi se rår.

Ungane i gatå vart skræmde me øss
Dei torde ikkje å gå på bru og te føss
Pass døkke, ho Elva-Mali kjem med sine klø
Dei va so redde, dei heldt mest på å dø

Ja, det va liv her i gamle daga
Då vi frå elva ein stor ungeflokk jaga.
No e ungane borte, berre pensjonista i gatå
Vi må ha meir arbeid, vi e blitt late.

No ha nokre krøppa fått en sprø ide
Det e so gape at e må le.
Å ljøssete føsse, ha du haurt på slekt tøv
Men dei ha kje spurt me, dei får ikkje løv.

Næringslaget dei lyse e i bann,
Og pelemente og øvestøde vil e få i stand.
No e døkke advart, døkke får ikkje fred,
Men vi får øss arbeid, e fer heim åt nå Pe.

Skrive av Åshild Rusten til lyssetjing av Hellesyltfossen 21. desember 2008.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380