Lokalsport

Fekk gåver for fotballinnsats

Martin Janssen t.v. gav eigenproduserte gåver til to "fotballheltar", Kirsti Frøysadal Hauge og Steinar Hjelle.
Martin Janssen t.v. gav eigenproduserte gåver til to «fotballheltar», Kirsti Frøysadal Hauge og Steinar Hjelle.

Å gje ros og takk til personar som gjer ein innsats for fellesskapet er viktig. -Gje dei ei gåve medan dei er i live, når dei er døde er det for seint,- seier Martin Janssen.

Martin Janssen var ein av fleire supporterar på Sunnylven IL sin fotballfest tidlegare i haust, ein triveleg kveld saman med spelarar og leiarar på klubben sine tre eldste lag.
Imponert over innsats
Her vart det delt ut mange prisar, mellom anna toppskorarpris til Kirsti Frøysadal Hauge på damelaget. -At ei småbarn-mor spelar så godt og vart toppskorar var berre imponerande bra, noko eg tykte var verd ei ekstra påskjønning.
Også fotballeiar Steinar Hjelle får alt for lite ros for sin innsats, for sporten som engasjerer så mange,- seier Martin Janssen. Han veit at Steinar har lagt ned mange timar gratisarbeid for at unge og eldre skulle få drive med det dei likar så godt, å sparke fotball.

Gav gåver til ”heltar”.
Sist laurdag kveld inviterte Martin Janssen dei to heim til ei uformell overrekking av eigenproduserte gåver. Kirsti Frøysadal Hauge fekk to dreia lysestakar, og Steinar Hjelle ei stor trekrus med handtak.
-Det er alltid greitt å bli sett pris på, men uansett hadde vi nok gjort jobben likevel,- sa Steinar som til liks med Kirsti sette stor pris på dei overraskande og flotte gåvene.
Dei to lysestakane var dreia av hegg, med fot av gran og ei inngravert helsing: ”Ei fotballmamma er som vin, til gamlare til betre.”
Under krusa som var laga av bjørk stod det: ”Dei rette heltane jobbar bak i kulissane.”

Martin Janssen har funne sin hobby inn i pensjoniståra. Han lagar vakre ting av stein tre og røter som han finn i naturen. Spesielt har det å dreie store og små ting i tre synt at han har kreativitet og eit sjelden godt handelag i faget.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380