Lokalnytt

Fekk pengar til gapahuk

Under juleavslutninga vart elevrådet og Sunnylven skule overrekt ein gåvesjekk på 10.000 kroner frå Sparebanken Møre.

På uteområdet ved Sunnylven skule er det planlagt å bygge ein gapahuk. Den rause gåva frå Sparebanken Møre var såleis eit kjærkome bidrag til finansiering av tiltaket.

Det var banksjef Stig Tryggestad som stod for overrekkinga, og leiar i elevrådet Ida Katrin Brekke tok i mot og takka på vegne av skulen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380