Lokalnytt

Grautfest med nissebesøk

Alle elevar og lærarar frå 1. til 4. klasse ved sitt ute-klasserom.
Alle elevar og lærarar frå 1. til 4. klasse ved sitt ute-klasserom.

Det var mange kuldegrader, men det merka ikkje elevane i 1. til 4. klasse ved Sunnylven skule. I fargeglade nisseklær vart det både nissedans og risgraut før ein flott utedag var omme.


I og ved den store lavo`en bak Sunnylven skule var 35 elevar frå 1. til 4. klasse med sine lærarar samla og hadde det tydeleg moro. Ein litt kald vind la ingen dempar på humør og aktivitet.
Utedagen baud på mykje, frå nissedans og nisseleikar, til servering av gløgg og ekte, god nissegraut inne i lavvo`en. I grauten var det fire mandlar, og dei heldige fekk kvar ei ekstra gåve av sjølvaste julenissen som også kom på besøk.
Og heilt til slutt og før nissefar drog sin veg stemte alle i med allsong og ”På låven sitter nissen….”

Her blir det servert god nissegraut.
Her blir det servert god nissegraut.
Her blir det servert god nissegraut.
Her blir det servert god nissegraut.
Her blir det servert god nissegraut.
Her blir det servert god nissegraut.
God risgraut, tykte Knut Iver Røyrhus.
God risgraut, tykte Knut Iver Røyrhus.
Til slutt kom sjølvaste nissen med gåver.
Til slutt kom sjølvaste nissen med gåver.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380