17. desember 2025

Hellesylt Fossepark, ny turistmagnet

Hellesyltfossen ein vårdag 2008.
Hellesyltfossen ein vårdag 2008.

Mykje tyder på at Hellesylt Fossepark blir ein realitet til våren. Det blir gangstiar på begge sider av Hellesyltfossen med utkikkspunkt og lyssetjing, og den naturskapte attraksjonen vil bli ein enno større turistmagnet.

Hellesylt Vekst A/S har fått firmaet Asplan viak til å utarbeide eit forslag over korleis Hølen og begge sider inn til Hellesyltfossen frå Høge bru til Hellesylt bro kan gjerast meir tilgjengeleg som naturoppleving. Det skal bli mogleg å gå langs elva og fossen på begge sider frå Hellesylt bro i sentrum, over Høge bru og tilbake.

I planen er det skissert utbetring av eksisterande turstiar og opparbeiding av nye, spesielt på sida mot kyrkja. Også fleire rasteplassar er innteikna.
Lyssetjing av fossen er også med i planane, eit arbeid som alt er starta opp og som er forventa klart til jul. Om alt utstyr som trengs kjem i tide, vil det bli sett på lys i Hellesyltfossen søndag 21. desember.

Dagleg leiar i Hellesylt Vekst a/s, Inge Hole har sendt ut planen for Hellesylt Fossepark til medlemar i utviklingsselskapet og andre interesserte, der han bed om synspunkt. Arbeidet med turstiar og rasteplassar kjem ikkje i gong før til våren, så her kan planane endrast enno.

Planane kan du sjå her, her og her.

50582F4AB96944CEA9699E4E52861E06

ABDE2408D92D4697B1C7CB6D937B06FA

B97E88F46D2F48E2899ECF7F2AF1CCD8

 

Ein brusande foss, sett frå Høge bru.
Ein brusande foss, sett frå Høge bru.
Frå prøvelyssetting av Hellesyltfossen i oktober 2008.
Frå prøvelyssetting av Hellesyltfossen i oktober 2008.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →