Lokalnytt

John Langeland heidersmedlem i HUL

John Langeland, heidersmedlem i Hellesylt Ungdomslag.
John Langeland, heidersmedlem i Hellesylt Ungdomslag.

Etter skodespelet med HUL-teatret 4. juledag, vart John Langeland utnemd som heidersmedlem i Hellesylt ungdomslag.

Leiar i Hellesylt Ungdomslag, Marianne Fivelstad fortalde frå ei lang merittliste då ho sa at styret hadde vedteke å utrope John Langeland til heidersmedlem i laget. I meir enn 50 år hadde han vore eit svært aktivt medlem, kort fortalt hadde han vore både leiar og styremedlem i laget i ei årrekke, og ikkje minst bidrege til mange suksessfulle framvisingar som skodespelar med HUL-teatret.
John Langeland, som hadde ei av rollene i HUL-teatret si framsyning 4. juledag, tok mot heidersteiknet, eit diplom og takka så mykje.
-Dette kom heilt overraskande på meg, men eg er svert glad for utmerkinga og takkar så mykje. Eg var berre 15 år då eg var med på skodespel fyrste gongen. Å kunne vere saman med dei vaksne var svært då. No er det like svært å få vere med dei unge å spele skodespel, men eg merkar at det blir tyngre og tyngre å lære seg replikkane. Kanskje er det snart siste spelet,- sa heiderspersonen i si takketale og fekk stor og velfortjent applaus frå ein fullsett sal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380