Lokalnytt

Julekonsert for fullsett kyrkje

doc_538_2

Dei unge, gode song og musikkreftene i Sunnylven hadde spleisa seg saman til julekonsert søndag. Ei nær fullsett kyrkje fekk oppleve to minnerike timar som kveikte den gode julestemninga.

Veret baud ikkje til den store utroren for folk sist søndag. Regn og vind jaga, men unge og eldre strøymde til den 150 år gamle kyrkja. Ingen gjekk skuffa heim, trur vi.
Årets julekonsert var av dei gode, det varierte mellom vokal og instrumental av dyktige utøvarar, og med god lyd og stemningsfullt lys, styrt av Lasse Døving.
Det er ikkje vanskeleg å finne høgdepunkt frå konserten, men langt verre om ein skulle rangere dei.

Høgdepunkt
Konserten åpna med mektige juletonar frå galleriet av Trond Otto Berg på kornett og Andrè Ramstad, orgel, og deretter var det Sunnylven skulekorps sin tur. Frå fyrste taktslag frå dirigent Berg var julestemninga sett med eit repertoaret som spente frå ”Joy to the world” til ”Romjulsdrøm”. Godt for ei lita bygd at ein kulturberar som skulekorpset framleis ”lever”.
Men her er også fleire unge talent innan song og musikk. Med tonefylje frå Mass Peter Jelle på tangentinstrument song Ingelin Storstein Hole og Ingunn Runde ”The Christmas Song”, før ei gruppe på seks song ”Go tell it on the mountain”. Det var avgjort eit høgdepunkt under julekonserten.
Synnøve Hjellbakk Hole leia ei stor, ung felegruppe som framførte ”I en natt”, før ungdomskoret Joyful med Kristin Storstein som dirigent gleda med vakker song, og der fleire medlemer var solistar.

Unge musikktalent
På piano fekk forsamlinga høyre unge Anette Frøysa i ”Eg er så glad kvar julekveld”, og deretter Lars Kvam Karbø på orgel i mellom anna ”Adeste Fideles”. Sunnylven kyrkje har eit godt orgel. At unge musikalske talent kan spele slik 11 år gamle Lars gjorde, var stort og imponerande, og ei sterk oppleving for mange.
Ingelin Storstein Hole og Kristin Storstein song ”His eye is on the sparrow”, og deretter var det Hellesylt songlag sin tur.

Songlaget gode
Det er stille kring songlaget heile året, men til jul dukkar dei alltid opp. Slik også denne gongen med heile tjue songarar som langt frå har gløymt tekst og toneskala. Ei stor glede å høyre det gode koret nok ein gong, også i samsong med ungdomskoret Joyful.
Den flotte julekonserten i Sunnylven kyrkje vart avslutta med fellessong i ”Deilig er Jorden”.
Under vegs heldt sokneprest Svein Runde ei kort andakt, og til slutt delte leiar i soknerådet, Berit T. Hole ut blomar til ansvarlege leiarar for arrangementet.

Imponerte i "Go tell it on the mountain". Frå v. Kristin Storstein Linn Helene Brekke, Elisabeth Runde, Ingelin Storstein Hole, Ingunn Runde, Oddbjørg Stadheim.
Imponerte i «Go tell it on the mountain». Frå v. Kristin Storstein Linn Helene Brekke, Elisabeth Runde, Ingelin Storstein Hole, Ingunn Runde, Oddbjørg Stadheim.
Ungdomskoret Joyful med dir. Kristin Storstein.
Ungdomskoret Joyful med dir. Kristin Storstein.

 

Synnøve Hjellbakk Hole leia felegruppa i "I en natt".
Synnøve Hjellbakk Hole leia felegruppa i «I en natt».
Andrè Ramstad nærast, og Trond Otto Berg bidrog begge sterkt til den flotte julekonserten i Sunnylven kyrkje.
Andrè Ramstad nærast, og Trond Otto Berg bidrog begge sterkt til den flotte julekonserten i Sunnylven kyrkje.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380