*Julestemning i fossen søndag*
Alt er i rute til lyssetjing av Hellesyltfossen komande søndag kveld. Det lovar Svein Sporstøl, koordinator for ei lokal storhending der både verbale og musikalske innslag er del av markeringa.
Ideen om lyssetjng av Hellesyltfossen dukka opp gjennom Hellesylt Vekst, og tidlegare i haust var det ei prøvelys-setjing som begeistra mange. No har utviklingsselskapet gjort det til ein realitet, og med støtte frå Stranda kommune og Stranda energiverk.
Dei siste dagane har montørar jobba på spreng med å rigge det utstyr som skal til for å få lyst opp Hellesylt sin største turistattraksjon også i mørkret.
-Det blir reine julefossen, for dette blir eit spektakulært syn i fleire fargar å sjå,- trur Svein Sporstøl. Han har samla trådane i samband med opningsmarkeringa søndag 21. desember.
”Elva-Marija”
-Vi startar markeringa ved Øcal pizzabar kl. 18.30 med velkomst og orientering ved Jan Ove Tryggestad. Det blir musikk ved Sunnylven skulekorps, og deretter ei forteljing om den fæle, svarte ”Elva-Marija” ei fårleg dame som visstnok skal ha tilhald ein stad ved fossen og brua. Kanskje dukkar ho fram i levande live for å stikke av når vi får på flaumlyset på fossen.
Til slutt blir det snorklipping og offisiell opning av lysanlegget ved næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal, og deretter blir flaumlyset i Hellesyltfossen sett på,- seier Svein Sporstøl.
Åpne butikkar og julekonsert
Han anbefaler mange å ta turen til Hellesylt på søndag, både for å oppleve Hellesyltfossen i julestemning, men også for å nytte seg av gode handletilbod på butikkane som alle har ope mellom kl. 14.00 og 18.00.
Og om kvelden søndag 21. desember kl. 20.00 er det julekonsert i Sunnylven kyrkje der Sunnylven skulekorps, Hellesylt songlag, ungdomskoret Joyful og fleire solistar medverkar.