Lokalnytt

Juletombola med flott resultat

Ein del av gevinstane på årets juletombola
Ein del av gevinstane på årets juletombola

Det kom inn over 40.000 kroner brutto på skulekorpset sin juletombola. Det er eit resultat leiinga var strålande godt nøgde med.

-Vi var litt spente på frammøtet til tombolaen då det var julemesse med mange til stades dagen før, sa styreleiar i korpset,- Gunnhild Kvam. -Søndag kom og folk i alle aldrar kom og fylte samfunnshuset, det vart ein kjempeflott tombola nok ein gong der mest alle dei 900 gevinstane gjekk ut.-

Styreleiaren er glad for det flotte resultatet som er om lag som tidlegare år. Pengane kjem godt med, for neste sommar skal heile korpset på tur til England, fortel ho.

Flotte pepperkakebygg
Også utfordringa om å bygge og stille ut pepperkakehus vart ein suksess. Heile 17 byggverk kom inn til slutt, nesten ein heil by. Der var kyrkje, låve, stall, store og små hus, og ein rett kopi av Sunnylven barnehage.
Hilde Brekke hos arrangøren kunne dele ut stort handlenett med julevarer til tre uttrekte deltakarar. Vinnarar vart Liv Tone og Johanne Tryggestad, Alf Helge Aasheim Nessan og Sigrid Imilie Røyrhus.
Dei andre som hadde laga flotte byggverk var: Emil Frøysa, fredagsgruppa barnehagen/SFO, Olene og Bertine Lade, Ida Katrin Brekke, Emilie Brekke, Ingrid Julie Hole, Irene Frøysa og Hege Ringdal, Håkon Elias, Sigurd og Ole Iver Kjellstad, Jørgen Ringdal Sæter, Ola Tobias Røyrhus, Espen og Brede Ringdal, Inger Ringdal Sæter, Johanne Sæter.

Heldige vinnarar. Frå v. Ann Kristin Wollsæter og Daniel, og Wenche Ringdal og Lone.
Heldige vinnarar. Frå v. Ann Kristin Wollsæter og Daniel, og Wenche Ringdal og Lone.
Flinke byggmeistrar med pepperdeig. Frå v. Liv Tone Tryggestad, Sigrid Imilie Røyrhus, Johanne Tryggestad.
Flinke byggmeistrar med pepperdeig. Frå v. Liv Tone Tryggestad, Sigrid Imilie Røyrhus, Johanne Tryggestad.
Ikkje berre hus, men også ein ufo var komen med, laga av Emil Frøysa.
Ikkje berre hus, men også ein ufo var komen med, laga av Emil Frøysa.
Ei stor, flott kyrkje var med, og bak ein kopi av Sunnylven barnehage.
Ei stor, flott kyrkje var med, og bak ein kopi av Sunnylven barnehage.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380