Lokalnytt

Juleverkstad ved Sunnylven skule

Her blir det laga fine julekransar av frå v. Elisabet, Andrea, Gro Mari, Åsmund, Maria, Kristin, Liv Tone og Anette.
Her blir det laga fine julekransar av frå v. Elisabet, Andrea, Gro Mari, Åsmund, Maria, Kristin, Liv Tone og Anette.

Torsdag var Sunnylven skule nesten som julenissen sin verkstad. Elevar med motorikk og kreativitet, og med god rettleiing frå lærarar, vart det både baka og laga juleting av beste slag. Matpausen under juleverkstaden tok Sunnylven sanitetslag seg av.
Det vart eit stort utval av flotte juleting som vart laga under Sunnylven skule sin juleverkstad også i år. Mange av dei var julegåver til andre heime, kunne nokre elevar røpe. Over alt både inne og ute på heile skulen var det aktivitet og god stemning. Inne på eit av klasseromma laga dei julekransar av grøn, frisk tuja, stasa opp med fargeglade band. Mange kan glede seg til å få heim ein fin krans til døra heime til jul.

Også småfuglane kan gå vinteren ljost i møte om den skulle sete inn for fullt, for på snikkarverkstaden vart det produsert ”fuglematarar” i stort antall. Andre elevar laga ”kremmarhus”, klare for påfyll av julegodteri, og på skulekjøkkenet fann vi bakarane av flatbrød og ”kvefsebol”.

I lavvo`en ute bak skulen vart det støypt julelys i fleire variantar, også snurra og dekorerte. Flotte arbeid, så kanskje kjem nokre av julegåvene der i frå?
Dette var berre litt av det som foregjekk under Sunnylven skule sin juleverkstad.
Mykje førebuing frå lærarane låg nok bak, men så vart det ein triveleg dag som elevane såg ut til å vere godt nøgde med.

Som vanleg under den årvisse juleverkstaden sytte Sunnylven sanitetslag for god og næringsrett servering til alle ved skulen. På menyen stod grovt brød, ost, kjøttpålegg, kakao og mandarin.

F

leire julekransar frå v: Åsmund, Mathias, Ola Tobias.
leire julekransar frå v: Åsmund, Mathias, Ola Tobias.
Her blir det laga "fuglematarar" av frå v. Torstein, Kenneth-Andre, Håkon.
Her blir det laga «fuglematarar» av frå v. Torstein, Kenneth-Andre, Håkon.
Førebur julebaksen, frå v: Ivar Sakkarias, Malin, Olene, Brede, Anders og Emilie.
Førebur julebaksen, frå v: Ivar Sakkarias, Malin, Olene, Brede, Anders og Emilie.
Her blir det lys, frå v: Veronica, Markus, Madelen og Johanne.
Her blir det lys, frå v: Veronica, Markus, Madelen og Johanne.
Flotte kremmarhus, men dei må snu andre vegen når dei skal fyllast med julegodt, seier Inger t.v. og Sanna.
Flotte kremmarhus, men dei må snu andre vegen når dei skal fyllast med julegodt, seier Inger t.v. og Sanna.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380