Kjevlar ut julebaksten

Annbjørg Fivelstad t.v. og Åse Sæter har hatt stor pågang etter bakevarer.

Annbjørg Fivelstad t.v. og Åse Sæter har hatt stor pågang etter bakevarer.

Åse Sæter og Annbjørg Fivelstad har gode kjevle. Handtaka blir ekstra blanke i desse dagar, for dei kjevlar ut og steiker både harding og flatbrød så mykje dei maktar. Kjøparane har blitt mange til jul.


Bakinga vart litt meir enn dei hadde tenkt, det skulle berre vere ein hobby på fritida, ein sosial aktivitet, fortel dei to som bur og har ”bakeri” heime på gardane både på Sæter og Fivelstad i Nibbedalen.
Då vi stakk innom, var dei i full sving på kjøkkenet på Sætra. Dei skulle bake glutenfrie hardingar, og derfor brukte dei ein annan stad enn den vanlege. Det var viktig at ikkje vanlege mjøl kom i dei glutenfrie bakvarene, forklara dei.
Når dei bakar av vanleg mjøl rullar kjevla i bakerommet hos Eline Fivelstad. Der har Annbjørg og Åse baka fleire hundre leivar harding og flatbrød i haust.

Mest harding
Det heile kom i gong etter at den tradisjonelle julemessa på kyrkjelydshuset ikkje vart arrangert i år. Fleire kjøparar stod i fåre for å mangle både harding og flatbrød til jul. Dermed starta kjevla i Nibbedalen å rulle på bestilling.
Under julemessa på Hellesylt fyrste helg i advent gjekk det så bra med salet av både flatbrød, og harding som leivar eller ferdig smurte at dei måtte heim og hente meir.
-Det har nesten blitt i meste laget med baking, spesielt har vi baka mykje harding. Dagane kan bli lange, frå seks om morgonen og utover, men no er vi snart i mål med bestillingane. Ei veke til no så må det vere nok. Vi må vel bake litt til oss sjølve også til jul,- skjemtar dei to.

Nebbedøler
At varene deira har blitt populære er dei sjølvsagt glade for. Oppskriftene er Eline sine, fortel dei. Til hardingar trengst det sukker, surmjølk, hjortesalt, smør og mjøl, og i det knasane, sprøsteikte flatbrødet er der grovkveite, vatn, litt smør, og byggmjøl til å bake ut med.
-Her er det fint å bu, i Nibbedalen er eit godt miljø, mykje sosialt og godt naboskap,- seier dei to som er innflyttarar i grenda. Men etter meir enn 30 år som gardkjerringar i dalen, der Fivelstadnibba og Kvitegga er ruvande fjelltoppar, er Åse og Annbjørg ekte nebbedøler.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380