Lokalnytt

Nye latterkuler med HUL-teatret

Skodespelarar i årets komedie: Framme frå v: Marianne Fivelstad, Leif Arne Fivelstad, Wenche Ringdal, Randi Sæter. Bak frå v: Per Amund Frøysa, John Langeland, Asle Fivelstad. Helge Tryggestad mangla då bildet vart teke.
Skodespelarar i årets komedie: Framme frå v: Marianne Fivelstad, Leif Arne Fivelstad, Wenche Ringdal, Randi Sæter. Bak frå v: Per Amund Frøysa, John Langeland, Asle Fivelstad. Helge Tryggestad mangla då bildet vart teke.

Fjerde juledag inviterer HUL-teatret til nye latterkuler på Sunnylven samfunnshus. No bli siste finpuss på replikkar og rørsle innstuder på ei ny, ellevill komedie.

”Barneskrik og uvenskap” heiter lystspelet som er skrive av to svenske forfattarar, Krister Claesson og Gustaf Skordemann. Bjørn Asle Tollan har regi og oversett stykket til norsk der innhald er framhald frå suksessen i fjor. Stykket er nytt i Norge og får norgespremiere på HUL-scena 4. juledag.

Framsyninga i fjor var ein knallsuksess for den driftige amatørteater-jengen i Hellesylt Ungdomslag. Mange mellom publikum gjekk ”slitne” heim frå ei romjulspremiere der latteren runga i teatersalen gjennom heile framsyninga.
-Vi var høgt oppe då, så rollelistene til årets skodespel var fylte opp same kvelden 4. juledag. I april fekk vi utlevert manuset til årets spel og vi trudde vi hadde god tid. I helga oppdaga eg at det var det andre adventslyset som heldt på å brenne ned, så då tenke eg, oi det er berre to veker att til premiera,- fortel Marianne Fivelstad, leiar i HUL. Sjølv bekler ho ei av dei åtte rollene i stykket. Tida går fort, men HUL-leiaren forsikrar at alt er under kontroll og at det blir premiere på den viltre komedia 4. juledag.

-Etter at vi starta med leseprøver 7. september har vi øvd ein dag i veke, men utan instruktør. Vi håpa å få ei øvingshelg med Bjørn Asle Tollan, men det gjekk ikkje. No har vi instruert oss sjølve,- fortel Marianne Fivelstad. Det trur vi går svært bra, for HUL- ensemble er langt frå nybyrjarar på ei scene.
”Barneskrik og uvenskap” er i to akter og varer fram mot to timar. Desse er med: Marianne Fivelstad, Leif Arne Fivelstad, Helge Tryggestad, Randi Sæter, Asle Fivelstad, Per Amund Frøysa, Wenche Ringdal, John Langeland.

Frå v: Marianne Fivelstad, Leif Arne Fivelstad, Wenche Ringdal, John Langeland.
Frå v: Marianne Fivelstad, Leif Arne Fivelstad, Wenche Ringdal, John Langeland.
Frå v: Randi Sæter, Asle Fivelstad, Per Amund Frøysa.
Frå v: Randi Sæter, Asle Fivelstad, Per Amund Frøysa.
-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380