”Plassen der dei vil noko”
Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal fekk den ærefulle oppgåva å ”kveikje” ljoset i Hellesyltfossen søndag 21. desember. Ei hending svært mange møtte framfor å oppleve.
Den flaumstore fossen kom mektig til syne i mørkret søndag kveld. Det er liten tvil om at tiltaket vil gjere Hellesylt sin største turistattraksjon enno meir berømt og ettertrakta som fotomotiv.
Inge Hole, leiar i Hellesylt Vekst og Hellesylt Næringslag sa at ideen kom under ein studietur til Inderøy for eit års tid sidan. No var den på plass i fossen gjennom eit nært samarbeid med Stranda kommune og Stranda Energiverk. Små justeringar av lyskjeldene kunne kome seinare.
Næringssjef Inge Bjørdal var sikker på at tiltaket i Hellesyltfosen var ei god marknadsføring av Hellesylt, og ville gje ringverknader for mellom anna turismen. Ljossetjinga hadde også eit visst næringsperspektiv over seg, for det hadde gjeve arbeid både til lokale og nasjonale verksemder. Å satse var ekstra viktig når ein var nede i bølgedalen, sa Bjørdal.
Rosa tiltaket
-Hellesylt er ei naturperle innerst i fjorden der folk taklar alt av utfordringar, som fåre for flodbølge og fjellras. Kort sagt, det er ein plass der dei vil noko,-
Næringssjef Inge Bjørdal var imponert over tiltaket og innsatsen som var lagt ned for å realisere prosjektet, og han framheva spesielt Inge Hole. Men også fleire andre fortente ros, sa han. Han hadde registrert folk som hang i klatreselar på bruer og andre stader kring fossen for å montere det som var planlagt, uansett ver. Det var imponerande å sjå sa han.
Også ordførar i Stranda, Frank Sve hadde teke turen til Hellesylt for å gratulere med både den «nye» Hellesyltfossen, men også med andre store hendingar som vil kome i bygda. Han nemde rassikring av Ljøvegn, og oppheving av byggeforbodet som gjev håp om djupvasskai. Også eit nytt hotel bør Hellesylt ha på plass ganske snart, trudde ordføraren.
Deretter var det nedteljing frå fem til null før Bjørdal slo lyset på.
Flaumljoset i Hellesyltfossen blir styrt av fotoseller som slår av og på etter som dagsljoset er.