15. februar 2026

Romjulsspel for fullsett sal

Etter framsyninga kunne alle aktørane ta mot lang og velfortjent applaus frå salen.
Etter framsyninga kunne alle aktørane ta mot lang og velfortjent applaus frå salen.

Sjukdom hos fleire av skodespelarane i HUL-teatret heldt på å setje ein stoppar for skodespelet 4. juledag. Heldigvis slepte influensa taket i tide, så pass at ein fullsett sal i Sunnylven samfunnshus fekk oppleve ei ny romjulskomedie.

Tradisjonen tru vart det ei ny komedie, full av sleivspark og forviklingar, og godt gjennomført av den dyktige amatørteaterstaben.
Kanskje er det feil å kalle HUL-aktørane for amatørar. Rollelista i år var spekka med rutine, skodespelarar som har trakka scena i mange skodespel. Det er eit privilegium som få andre revylag kan vise fram.

Barnetrygd på forskot
Folkekomedia ”Barneskrik og uvenskap” er skrive av Krister Claesson og Gustaf Skrødeman, og omsett av Bjørn Asle Tollan. Spelet har åtte roller.
Bonde Nils Erik blir spela av Asle Fivelstad, og kona hans Mathilde av Randi Sæter. Sonen Lars Erik (Leif Arne Fivelstad) har gifta seg med Rakel (Marianne Fivelstad). Dei ventar sitt fyrste barn, og dei overtek garden. Nils Erik blir kårkall, men får mange arbeidsoppdrag av svigerdattera. Han vil også tjene pengar og ventar på barnetrygd som han har søkt om før barnet er kome. Mathilde gler seg til å bli bestemor, men ikkje alt blir sorglaust.
Som postmann møter vi Helge Tryggestad, med talefeil og full av gode idear, men med litt enkle løysingar på problema.

Gretne naboar
I andre akt kjem Vemund, (John Langeland) nabo til Nils Erik tilbake frå tur til Amerika. Under vegs har han blitt kjend med Ebba-Bibbi, spela av Wenche Ringdal. Ei flott dame som også kjem til gards, noko som fører til mange forviklingar.
Vemund og Nils Erik er framleis to gretne gubbar som likar å slenge kommentarar til kvarandre. Når Vemund oppdagar at Nils Erik hevar barnetrygd ulovleg, varslar han lensmannen, (Per Amund Frøysa) som kjem for å gjere avhør.

To timar
Julekomedia med HUL-gjengen vart som forventa. Greinaløyse, forviklingar, naboar med duellerande fule kommentar, kort sagt ei ekte folkekomedie, og som enda godt.
Kanskje vart dette spelet på nesten to timar i lengste laget, både for publikum og for dei som skulle bekle dei største rollene. Mange og lange replikkar stiller store krav til utøvarane i å halde oppe tempoet i ordspelet.

Å dele ut stilkarakter til aktørane let vi vere. Likevel eit pluss til Marianne Fivelstad som tolka rolla som svigerdatter fortreffeleg. Også ei blomst til Asle Fivelstad som har ei av dei største rollene, og som stilte på sjølv om influensa ikkje var borte. Det redda framsyninga for vel 200 betalande i salen som fekk den feststunda med HUL-teatret som dei hadde håpa på.

Nye framsyningar av ”Barneskrik og uvenskap” blir på Sunnylven samfunnshus laurdag 10.januar, og i Storfjord Kulturhus 17. januar.

Lars og Rakel har overteke garden, og no ventar dei arving.
Lars og Rakel har overteke garden, og no ventar dei arving.
Mathilde og Nils Erik har blitt kårfolk, men får etter kvart mykje å gjere.
Mathilde og Nils Erik har blitt kårfolk, men får etter kvart mykje å gjere.
Lensmannen opptek avhøyr om ulovleg barnetrygd med Vemund t.v. og Nils Erik til stades.
Lensmannen opptek avhøyr om ulovleg barnetrygd med Vemund t.v. og Nils Erik til stades.
Vemund kjem heim etter Amerika-turen med Edda-Bibbi, ei flott dame.
Vemund kjem heim etter Amerika-turen med Edda-Bibbi, ei flott dame.
Nils Erik er blitt pensjonist, men får stadig arbeidsoppgåver av svigerdottra Rakel.
Nils Erik er blitt pensjonist, men får stadig arbeidsoppgåver av svigerdottra Rakel.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →