Badehuset kan bli freda.

Badestranda og badehuset på Hellesylt er ein myldreplass for unge og eldre om sommaren.

Badestranda og badehuset på Hellesylt er ein myldreplass for unge og eldre om sommaren.

Badehuset på Hellesylt vart vald til Stranda kommune sitt kulturminne i 1997. No kan den særprega bygninga bli freda.

I kulturminneåret 2009 ønskjer Riksantikvaren å frede eit utval kulturminner, bygningar, anlegg eller miljø, som er tydelege, samlande og til glede for folk flest. Badehuset på Hellesylt oppfyller alle verdiar som blir sett for varig vern og freding, skriv Riksantikvaren i brev til eigaren Hellesylt Ungdomslag.

Leiar i HUL, Marianne Fivelstad seier at styret har drøfta saka så vidt, men er usikre på kva dei skal gjere. Huset er alt verna, eit vern som har skapt visse vanskar for eigaren. Som døme nemner leiaren at Ungdomslaget ville setje opp to ekstra pålar for å forsterke stupetårnet. Det fekk dei ikkje lov til.
-Om vi seier ja til freding, kva kan vi gjere då,- spør Fivelstad.
Ungdomslaget skal ha eit møte med representantar for Riksantikvaren i januar. Etter det blir det teke ei avgjerd, truleg som sak på årsmøtet til HUL i februar.

Badehuset på Hellesylt vart bygd i 1937 etter initiativ og med god støtte av mellom andre laksefiskar, ålesundaren Anton R. Larsen.
Året etter, i 1938 overtok Hellesylt Ungdomslag huset som gåve og har sidan stått som eigar.
I 1997 vart det særprega bygget valt til Stranda kommune sitt kulturminne, og under Sommardagane på Hellesylt det året vart dette markert der ordførar Anne Lise Lunde overrekte ein gåvesjekk på 3000 kroner til eigaren Hellesylt Ungdomslag.

-

Taket på badehuset er ein populær sol-plass.

Taket på badehuset er ein populær sol-plass.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380