13. juli 2026

Dyktig duo i folkemusikk

Dyktig duo med folkemusikk på repertoaret. Frå h. Irene Tillung med sitt akkordion og Britt Pernille Frøholm med ei fele laga av Ole Langøylid
Dyktig duo med folkemusikk på repertoaret. Frå h. Irene Tillung med sitt akkordion og Britt Pernille Frøholm med ei fele laga av Ole Langøylid

På søndag inviterte Hellesylt UL til folkemusikkonsert med Britt Pernille Frøholm og Irene Tillung i Sunnylven samfunnshus. Dei to trakterte hardingfele og akkordion i eit samspel som imponerte og gleda forsamlinga.

Dei unge og framifrå dyktige tradisjonsberarane av folkemusikken presenterte eit variert repertoar under konserten på Hellesylt. Med leikne fingrar serverte dei profesjonelt samspel, utan notar, men med følelse, innleving og speleglede frå heile toneskalaen si breidde.
Konserten vart ein gla`time for alle med hjarte for folkemusikk, frå vare og rolege tonar, til vals, reinlender og springar.

Musikk frå heimetrakter
Gjennom musikkvalet viste dei også at dei ikkje har gløymt heimestadane sine.
Irene Tillung kjem frå Voss og det svinga både i Vossa-rull og brudeslåttar frå fruktfylket. Britt Pernille Frøholm baud på slåttar frå si heimbygd Hornindal, og nokre Kjellstadslåttar. Mellom dei var sjølvsagt ”Gluggen” av Ola J. Kjellstad.
Britt Pernille hadde fått seg fortalt korleis den slåtten vart til. Ola Kjellstad hadde vore på Stranda og spela i bryllaup. Då han vakna morgonen etter såg han ut gjennom låvegluggen og oppdaga eit ungt par i varm omfavnelse som rulla seg nedetter ei skråning. Då var det han sette seg ned og komponerte den etter kvart så kjende slåtten.

Samspel
Frøholm/Tillung duo reiser rundt med konsertar i store deler av sør-Norge. Til Hellesylt kom dei frå Førde og Oppstryn, og i neste månad er det Hordaland som står for tur.
Britt Pernille Frøholm fortel at begge bor i Oslo, og har musikk som yrke. Samarbeidet mellom dei to starta i fjor med innspeling av plata til Britt Pernille. Der var Irene med på fem av ”spora”. Frå då har dei utvikla samarbeidet både gjennom konsertar og med innspeling av ny CD som kjem ut til hausten.

Britt Pernille Frøholm har sine slektsrøter frå Hornindal.
Britt Pernille Frøholm har sine slektsrøter frå Hornindal.
Irene Tillung frå Voss kjem med ny plate saman med Britt Pernille Frøholm til hausten.
Irene Tillung frå Voss kjem med ny plate saman med Britt Pernille Frøholm til hausten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →