Lokalnytt

Dyktige mjølkebønder i Sunnylven og Stranda

Tine Meieriet Vest har best mjølkekvalitet i landet. Og mjølkebønder i Sunnylven og Stranda er mellom dei beste og ligg langt over snittet på 92.6 prosent elitemjølk.


Den beste mjølka blir kvalifisert som elitemjølk. I 2008 var 92.6 prosent av all mjølk inn til Tine Meieriet Vest elitemjølk, og spesielt bra var kvaliteten frå Nordfjord og Sunnmøre. Eid toppa med over 98 prosent, men ikkje langt bak låg bøndene i Sunnylven og Stranda produsentlag med vel 97 prosent elitemjølk.
Berre 4-5 områder i TMV hadde betre kvalitet, mellom anna var Stryn og Hjørundfjord hårfint høgare.
Styreleiar i Tine Meieriet Vest, Jan Ove Tryggestad lika svært godt tala han kunne referere frå.
Han fortel at TMV er best av dei fem regionmeieria i landet, både på mjølk og fredige varer.
-Godt råstoff bør gje gode varer og det har vi lukkast med. Resultata viser berre kor viktig arbeid med kvalitetssikring er. Det er noko Tine heile tida legg vekt på og vil utvikle vidare-.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380